1

Gud smiler - Turneteatret i Trøndelag

Om børa som lettar når du finn nokon å føre livskampen saman med. Med «Gud Smiler» gjer Turnéteatret ein av Noregs største forfattarar tilgjengeleg for nye generasjonar. Duun er for viktig til å ikkje gjere det.

Alle kjenner nokon som stadig blir råka av motstand og som kjem borti saker det er umogleg å løyse. Saker det er umogleg å vri seg bort frå. Justin er ein sånn ein, ein ung mann som tidlig får merke at det å leve ikkje er lett for dei varaste av oss. Han mistar faren sin og vert tvinga til å ta mykje ansvar. Så døyr mor hans, og Justin er åleine. Men han har Rebekka, ungjenta han vaks opp i lag med og som kjennest mest som ei søster for Justin – eller gjer ho eigentleg det?

Det gjer vondt når dei andre gutane får auge på Rebekka. Det gjer vondt når Rebekka berre ser han som ein bror. Når Justin mesta på slump vert gift, og denne kvinna ho døyr frå han, da får han verkeleg merke kor einsam han er. Medan de fleste av oss ville lagt seg under dyna og vorti der, let ikkje Justin tungsinnet knekke seg. Og til alt hell treffer Justin og Rebekka kvarandre igjen, og no ligg alt til rette for at dei kan ta fatt på eit liv i lag.

«Gud smiler» handlar om ei urokkeleg tru på at livet vil deg godt; livet kan gi deg mostand, men du avgjer sjølv om du går under eller står imot.

Med «Gud smiler fullfører teatret sin Duun-trilogi der ukjende bøker vert løfta fram. Det er teater i si enklaste og mest kraftfulle form, der vekta er lagt på handlinga og teksten. Som i dei to føregåande framsyningane, har Asgeir Skrove laga ny musikk til stykket.

Framsyninga varer i omlag 1 time, utan stopp.

Av: Olav Duun

Dramatisering og regi: Otto Homlung

Komponist: Asgeir Skrove

Lysdesign: Simen Høy Aasheim

Med: Emilie Mordal og Kristoffer Hjulstad

Billetter til Gud smiler - Turneteatret i Trøndelag

  1. Man 11. mar kl 19:00 Konsertsalen Les mer Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_