Riksteatret: Are Kalvø toppar VG-lista

Om popmusikken og meininga med livet. Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.


 


På scenen
Are Kalvø og Ståle Sletner


Team
Regissør: Erik Ulfsby, Scenograf: Unni Walstad og Dramaturg: Ingrid Weme Nilsen


Av Are Kalvø.


Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).


Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret og Teater Vestland.


Riksteatrets omtale: www.riksteatret.no/repertoar/are-kalvo-toppar-vg-lista/


Billetter til Riksteatret: Are Kalvø toppar VG-lista

  1. Tir 19. okt kl 19:00 Konsertsalen Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_